Idag var vi so heldige at vi spelte i sjølvaste Storesalen på Håvollhuset, og makan til mattraktering har eg ikkje opplevd på dei åra eg har spelt bridge. Pølser med brød sjølvsagt, marshmellows av det gode slaget, potetskruer/ringer, fishermans friend med citrussmak osb... Hadde dei fått sett det dei som ikkje spelar bridge, og likar godsaker, ville vi ikkje ha noko problemer med rekrutteringa...
Bakdelen med dette blei at vi var so opptatte med våre nye spelelokaler og menyen, at den nødvendige fokus på å spele rette korta, notere på lappane kva vi spelte og til slutt å skrive korrekt parnummer på lappane, blei litt dårligere enn vanlig... Litt dårligare enn vanlig, er dessverre fullstendig kaos, men det ordna seg heldigvis til slutt...
Full fokus neste gang får vi håpe.
Nok klaging.
Kjempespel av John og Leif som vanlig.
Fin andreplass til Tore og Peter.
Fin tredjeplass til Oddbjørn og Jan / Petter og Leiv.
Dei fine plassane lengre ned på lista kan ein sjå her...
God helg til alle!