Andre veka i advent, eit ustoppelig regnvær og mange fint pynta utetre i området...
Idag var vi samla heile fire fulle bord på Håvollhuset, spelegleda var stor, kaffi og pølser, og ein stor pose med potetgodterier.
Ikkje ei julekake å sjå, ei heller stressa nokon fordi jula kjem susande i full fart...
Nei barka karar tenkjer ikkje på det når det er bridgesamling...
Det var full fokus, og ikkje ein einaste feil på lappane som ein kunne sjå... Det var kjekt.
Resultata ikveld:
Hagen og Sande, 63%
Urke og Slettedal, 59,9%
Langvatn og Klauset, 56,8%
Krutnes og Aklestad, 56,2%
Resten av resultatlista finn ein her.
Takker for godt oppmøte...