Jon Terje Storsten og Svein Jarle Bjerkevoll kretsmestrar for par!
Svein Jarle Bjerkevoll og Jon Terje Storsten, BK Grand vart årets krestsmestra for par. På dei neste plassane kom på andre Terje Lie BK Grand med innhenta leigesoldat Nils Kåre Kvangraven. På tredje kom Ole A Berset og Reidal Mikkelsen frå Sunndalsøra BK. Desse tre var dermed kvalifisert til å spele NM-finalen i Fredrikstad seinare i år. Reidar og Ole har imidlertid sagt frå seg plassen. Dermed vert Asbjørn Kindsbekken og Roar Voll, Sunndalsøra BK det tredje paret. Vi ynskjer lukka til, sjølv om dette kan verte ei dyr affære for kretsen til slutt. Para i frå fylket vårt har det med å havne i norgestoppen og dermed auke kvoten til neste år.
Til høgre ser vi halvparten av vinnarparet, Svein Jarle Bjerkevoll under ei tidlegare premieutdeling i år.