Forsiden
| | | Tips Login
Bridgekrets.com
  • Nyheter
  • Resultater
  • Styret
  • Arkiv
  • Terminliste
  • Kurs
  • Linker
  • System
  • SM
  • Galleri

Klubb og medlemsinfo
  • Klubber tilsluttet kretsen
  • E-post til klubbene
  • Medlemmer i kretsen
  • Mesterpoengliste
Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Kontakt NBF
  • NBFs hjemmeside
  • Terminliste
  • Turneringsoversikt
  • Klubbadministrasjon
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • Skjemaer
Hjemmeside kretser


Nyheter

Minneord - Arthur Westbø -11.05.1945 til 28.10.2015

29.10.2015












































































Arthur Westbø, født 11.05.1945 døde frå oss 28.10.2015

 

Arthur vart født i Naustdal kommune – Sogn og Fjordane, oppvaksen

i Førde og kom som tolvåring til Fosnavåg.

Her slo han rot og stifta familie. Saman med si Kjære Astrid fekk dei borna, Mariann, Jan

Ove og Janita.

Seinar kom det mange svigerbarn, barebarn og oldebarn.

I 1980 bygde dei seg hus i Bergslia, men etter å ha mista taket eit pargonger, på grunn av

uvær, fann dei ut at dei i 2003 askulle flytte ut att i Mallabakken til

barndomsheimen til Astrid.

 

Heimen Deira var alltid open for besøkande, som kjende seg retteleg velkomne. Her kunne

ein kome både i glede og i sorg, og både Arthur og Astrid viste omsorg og medkjensle med

dei besøkande.

 

Arthur utdanna seg som lærar på Idrettshøgskulen i Oslo, og arbeidde ei stund som lærar i

skuleverket. Men Arthur var ein aktiv og kreativ person som stadig søkte nye

utfordringar. Som føregongsmann og pioner var han med på å starte opp

sikkerhetsopplæring for fiskarar.

Seinare vart det sikkerhetsopplæring for oljearbeiarar, og eg er sikker på at mange av

dykk har vore innom sikkerhetskursa til Arthur.


I 1991 vart Arthur Hotelldirektør og kort tid etter Asyl-General.

Hans arbeid med asylmottaket i Ura, sette sine sterke spor, og det vart knytta solide, og

livslange vennskapsband.

Arthur Westø slutta si yrkesaktive karriere som sikkerhets og HMS konsulent for Neptun

Offshore.

 

I 2001 budde eg i Brasil, og heime på visitt hos Arthur og Astrid kunne han fortelle meg at

han hadde fått kreft, og antagelig hadde mindre enn 3 år igjenn å leve i følge legane. Men

så lo han litt,
det hadde jo skjdd før at legane hadde tatt feil om sånne ting før.

Det viste det seg at dei gjorde når det gjaldt Arthur.

Med eit livsmot og livslyst, rulla han seg ein røyk og la nye planar for framtida. Han

hadde så mykje han skulle ha gjort her i livet.

 

Arthur Westbø har vore alpha og omega for Fosnavåg Bridgeklubb.

Heil sidan han som 12 åring kom til Fosnavåg, til årets NM for lag, har Arthus stått på

som bridgelærar, bridgespelar og han har innehatt alle mogelege verv i Fosnavåg

Bridgeklubb og i Sunnmøre Bridgekrets. Karrieren som bridgespelar vart i sommar krona

med
kapteinsvervet på Fosnavåg Bridgekrets sitt lag i NM lag finalen, som Arthur som

største pådrivar hadde fått lagt til Thon Hotell Fosnavåg i tidsromet 28. mai til 30.mai i

år.

 

Eg vart kjent med Arthur tidleg på 1970 talet, då var han primus motor for det som eg

trur var det første VM i UV jakt.

Tilreisande dykkerar frå Finland, Sverige, Danmark og Tyskland,

i tillegg til mange norske dykkarar, vart effektivt leda av Arthur og hans stab.

For meg har Arthur vore min beste kompis og venn. I smått og stort har han vore der for

meg, støtta og oppmuntra. Vi har utveksla tankar om alt mellom himmel og jord, ikkje

alltid har vi vore einige,
men alltid har respekten for kvarandre vore retningsgjevande.

14 gode år fekk du å leve, sjølv om legen trudde på 3. Ikkje ein einaste gong har eg høyrt

deg klage over livet desse 14 åra, sjølv om cellegifta
kunne ri deg som ei mare.

Litt bedre enn i går sa du alltid når eg spurde korleis det gjekk med deg. I haust har vi for

alvor insett kva veg sjukdomen bar, men jammen greidde du ikkje å få oppleva din

barndoms tumleplass ein siste gong, spise selbiff og oppleve å ha Astrid, barn og svigerbarn

rundt deg. Desse som du sette aller høgst i livet ditt.

 

Kontrakta var 7 Grand, og den vart spelt med klare tankar og logikk.

Ditt livsverk er til ende og det er fullkomment.

 

Kvil i fred Artur Westbø - Min Venn.

 

Med helsing Olav H Kvalsvik
Minneord - Arthur Westbø -11.05.1945 til 28.10.2015



Codan Cup - INFO

10.10.2015



 

Vår e-mail: fosnavåg.bk@gmail.com 

For mer info: http://nmlag.com/

   
   

 

 

 

 

Codan Cup - INFO



Kvalifiserte Lag

04.05.2015

Kvalifiserte Lag



Reiseruter

10.04.2015

 Kommer du med fly til
Ålesund Lufthavn - Vigra

 

Kommer du med fly til 
Ørsta - Volda Lufthavn - Hovden

 

Reiseruter

Les mer...


Simultanturnering 13.03.12

16.03.2012

Meget hyggelig med besøk både fra BK Grand og Vartdal på turneringen. For lokale og nasjonale resultater trykk på les mer.

Simultanturnering 13.03.12

Les mer...


Turnering 9. april, 2. påskedag

30.01.2012

Påsketurnering.

For dei som ikkje berre skal gå på ski eller dra på sjøen i påsken så er det muligheter for å få med seg en påsketurnering. Meir informasjon om turnering finner du på: www.bkgrand.com På toppen av heimesida finn du info om turneringane og link for påmelding. Minner også om nattbridge 2. mars i Ålesund og 1. mai turneringa på Skodje. Informasjon og påmelding til alle finn du på heimesida: www.bkgrand.com.

KM-lag vert arrangert med kvalifisering 14. april i Ålesund og finale 15. april på Vestnes med dei 3 beste laga frå Ålesund og Kristiansund.

Turnering 9. april, 2. påskedag



KM-Par

25.01.2012

I år vert KM-par arrangert i Ålesund 10. og 11. mars. Håper fleire lokale spelarar vil møte opp i år enn det som har vore tilfelle når KM-Par har vore arrangert i Molde.

Meir info og påmelding på www.mrbridge.no

KM-Par



Innbyding til turneringer!

25.01.2012

BKGrand skal arrangere lokale turneringer no i vår. Den 2. mars skal det være nattbridge på BKGrand sine lokalar. Dette er ein turneringsform som eg ikkje har vore med på, men om eg har anledning skulle det vore mooro og prøvt det. Tirsdag 1. mai er det turnering på Skodje.

Meir informasjon får du på www.bkgrand.com

 

Innbyding til turneringer!

Neste » 1 2



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer