BK Grand 5 med Hallgeir Hartvigsen, Lars Ove Remvik, Jon Terje Storsten og Svein Jarle Bjerkevoll er vidare til 4. runde i NM bridge. Dei slo Fosnavåg BK 2 med 55-107 på tysdagskvelden.
Hallgeir skryter av arrangørlaget som la kampen til Hareid, noko som truleg førte til at heimelaget hadde lengre reisetid enn gjestane. Transport til og frå ferja hadde dei også ordna med. Når det heile vart toppa med matbevertning av ypperste klasse, i flg Hallgeir, så antar vi at BK Grand 5 ynskjer seg bortekamp mot Fosnavåg neste år også.